Ord for dagen 16.03.2021 sokneprest Eli Vatn

Å tru er eit sentralt omgrep i all religion - trur eg! Ikkje minst i kristendommen.

Døypefonten i Hegge. Foto: Saskia Aleida Van Veen

Vi meiner forskjellig med "tru" - som i opnings setninga min her. Ordet syner mine tankar om det eg nett har skrevet; kor sikker eg sjølv er på den påstanden eg har kome med; Eg trur det er slik.

Ofte trur eg at trur i setninga «Eg trur på Gud» har ei slik tyding. Eit fakta vi forheld oss til - meir eller mindre sikkert. Å tru noko blir som å sitje på gjerdet og vurdere, observere kva ein skal tru. Kan eg tru på Gud når det er så mykje vondt i verda?

Skal vi gripe kva å tru er i religiøs samanheng, treng vi nokre tilleggs spørsmål!

Kva står eg for; Kva for verdiar trur eg på? Godleik? Kjærleik? Å gjera heil? Å vera ærleg? Å hjelpe dei svake til sin rett? Levande frisk natur?

Kva går eg for? Hoppar eg av og til ned av gjerdet for å kjempe for verdiane mine. Heier, gjer eg ein innsats for dei?

Kva kviler eg (i mine beste stunder)i? At godleiken og kjærleiken er sterkast, og at Nokon vil nå meg med godleik? At dei helande kreftene verkar i verda? At det svake er Guddommeleg, at sanninga sigrar til slutt, at det i verda, nature ligg ei fantastisk skaparkraft?

Svarar vi i hovudvekt JA på desse spørsmåla; kan vi godt tillate oss å krysse av i feltet; «Eg trur på Gud» når ei avis kjem og spør oaa. Ja faktisk om vi berre har døra litt undrande open.

 

Foto av døypefonten i Hegge av Saskia Aleida Van Veen

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"